19. September – 1. Oktober.
MALERIER
Steinsund har eit «kjærlighetsforhold» til naturen. Derfor har mange av verka hennes inntrykk frå å vere i eit landskap. Hit går ho for å finne ro – trea, steinane, fjellet, havet, bølgjene – dei blir hennes venner, som ho stadig vekk kan besøke igjen og igjen.
Til og med i bølgjene, som sler mot stranda, kan du høre ein rytme, finne ro. Vissheita om at havet alltid er der – på same måten som den svarte jorda eller steinane i fjellet.
Dei siste åra har det særleg vore ulike fjell-landskap som har gitt inspirasjon til bileta hennes. Det kan vere fjell-landskapet på Sødorp-fjellet i Nord-Fron eller også fjellet Rasletind i Jotunheimen.
Bileta er ikkje fotografisk likt det Steinsund ser med auga. Ho prøver å fange delar av det ho ser, og festar dette inntrykket eller stemningen til papiret. Steinsund har også malt frå bergsidene i Ólafsfjörður på Islnd, kor sand, stein og rennande vatn har forma striper på langs i fjellsida. Ho har malt frå stranda der.